Kick-off til Innovasjonsdagen Sogn 2024

Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland inviterer til Innovasjonsdagen Sogn Kick-off!  

I september blir Innovasjonsuken Opp arrangert på Vestlandet, og her i Sogndal gler me oss til å invitera til Innovasjonsdagen Sogn den 19. September 2024. Festivalsjef Christina Sundli-Härdig tek turen frå Bergen for å fortelja om årets festivaltema -  “OPPned”. 

For å setja hovuda våre i innovasjons-modus har me også invitert engleinvestor og styreleiar i Connect BAN, Janicke Allers. 

 

Program:

Innovasjonsdagen Sogn
Me slepper early-bird billettar og dryper nokre små detaljar om arrangementet! 

Innovasjonsveka Opp
Festivalsjef Christina Sundli-Härdig presenterer årets festival og årets tema - “OPPned” OPP er ei årleg feiring av entreprenørskap, i tett samarbeid med lokale samarbeidspartnarar.

Connect BAN
Kva er eigentleg ein engleinvestor? Me har fått med oss engleinvestor og styreleiar i Connect BAN, Janicke Allers til å fortelja litt kva ein engleinvestor gjer og korleis ein jobbar. Janicke er alltid på jakt etter spennande prosjekt og gode co-investorer, så her har du eit godt høve til å møta ein potensielt viktig ressurs.


1130-1230 med enkel servering av kaffi og sveler.  Arrangementet er gratis 

Forrige
Forrige

Ladar OPP til ei veke med innovasjon

Neste
Neste

Shifter på Sogndalsbesøk