Innovasjonsdagen 2023

22. september 2023

Johan Brand, Gro Mykkeltvedt, Rolf Risnes og Kristoffer H. Engebø hadde med seg eit lass erfaring og gode lærdommar, og her kjem nokre av dei vi tek med oss vidare frå Innovasjonsdagen Sogn 2023

"Pynte brura"

Som Kristoffer Engebø i Eduplation så fint forklarte det i sitt foredrag, er det utrulig verdifullt å bygge merkevara til bedrifta di heilt frå starten av. Då han kom inn i investor-møter med ein idè som enno berre var ein idè, var det at han hadde eit design, logo og eit namn viktig for å bli tatt på alvor. Med det kunne han visualisere kva idèen til slutt skulle bli. Også Johan Brand, som var med å starte Kahoot!, fortalte korleis dei frå starten av bygde merkevara Kahoot ved å ha eit namn som skilte seg frå konkurrentane, og sørge for at sluttbrukaren alltid er merksam på kva platform dei er inne på.

Konkret tips frå Kristoffer: Squadhelp! ein platform der du får tilgang på tusenvis av designerar. Du får tilbod på akkurat det du treng av logo, namn og merkevaremateriell, og vips så er du i gang. 

Finn dei rette folka

Eit godt team som utfyller kvarandre i kompetanse og personligheit, og har gjennomføringsevne er eit kriterium mellom anna når ein søker midlar hos Innovasjon Norge. Ein kan drive hard business, men ha god kultur og mykje trivsel på jobb, sa Rolf Risnes som har starta fleire selskap innanfor læringsteknologi. At folka som jobbar i alle ledd i bedrifta har eigarskap til produktet er ein av suksesskriteria han har teke med seg. Gro Mykkeltvedt har utvikla verktøyet BlueJay for mental trening. Leiing handlar om kjærleik, har ho funne ut i sine undersøkingar. Det handlar om bry seg om bedrifta og menneska som jobbar der, og om å ha mot, seier toppleiarane ho har snakka med. 

Vi må aldri slutte å leike!

 Ein må tore å leike, og tole å tape, sa Johan Brand. Sluttar ein å leike, så sluttar ein også å utvikle seg. Leiken er det første språket vi lærer som barn, det går på tvers av kulturar og bryt barrierer. Slik kan ein også komme opp med løysingane som lagar eit meir inluderande samfunn, og som fungerer uansett korleis hjernen din er rigga. Men du må tole å tape - og som gründer vil ein gå på nokre smellar. Ein må ikkje satse hus og heim for å starte ei bedrift, sa Brand. Sjølv jobba han i andre selskap medan Kahoot vaks seg større på sida. Mange vellukka innovasjonar og gründerverksemder veks ut av allereie eksisterande bedrifter, og dei har større sjanse til å lukkast sidan dei allereie har klart å komme seg gjennom etablererfasen og forstår kva det handlar om.

Foredragsholdere

Johan Brand
Kahoot!-Gründer
Kreativ serieentreprenør og investor

Johan Brand er teknologigründer, kjent som ein av grunnleggjarane og første daglege leiar av den globale læringsplattforma Kahoot! Han leda Kahoot! frå eit forskingsprosjekt til ei teneste som no er ein av dei største merkevarene i verda innan læring. Han beskriv seg sjølv som «kunstnar og skaper» og omtaler Kahoot! som ein fusjon av idear, som handlar om læring, teknologi, åtferd og oppleving. Johan skal halda eit personleg foredrag om reisa bak Kahoot! som tek for seg innovasjons strategi, menneskes forhold til teknologi og moglegheitene som ligg der. 

Gro Mykkeltvedt
Gründer og dagleg leiar i Dialed Coach

Gro Mykkeltvedt er leiar- og organisasjonsutviklar med en særleg vekt på kjærleik; noko som har resultert i nyskapinga BlueJay Coach - ein digital personleg veileder som trener medarbeidarar og leiarar for auka tryggleik og mot. Gro vil snakke litt om kvifor eigenomsorg, sjølvleiing og personleg tryggleik er viktig for å fremje gode kulturar og arbeidsglede. 

Kristoffer H. Engebø
Gründer og dagleg leiar i Eduplaytion

Sunnfjordingen er gründer og dagleg leiar i EdTech-selskapet som utviklar spelbaserte læringsløysingar for den norske og internasjonale B2B- og B2C-marknaden. Numetry er eit matematikkspel som tek 4.–7.-klassingar med på ei spennande reise til verdsrommet, der dei lærer at matematikk både er nyttig og morosamt. Spelet har fått svært gode skotsmål frå både små og store, og har sidan lanseringa i august 2022 vorte implementert i 160 av 356 norske kommunar. Kristoffer vil dele sine ti beste og konkrete lærdommar frå tida med Eduplaytion. 

Rolf Risnes
Gründer og dagleg leiar i We Are Learning

Rolf er seriegründer og har gjort mange gode erfaringar gjennom ei rekkje oppstartar. Opphavleg Ytre Sogning med over 20-års erfaring frå Ed-tech/tech. Co-foundet 6 selskap innan Ed-tech, spel og læring (og eit mikrobryggjeri). Aller best på 0-100.

Rolf skal halda foredraget “Disrupsjon, risiko og fart som konkurransefortrinn”, noko me gler oss veldig til! På 12 måneder har We Are Learning bygd et sterkt team, hentet finansiering, utfordret etablerte sannheter, landet de første kontraktene og lansert Ed-tech produktet med en global ambisjon.