Kunstig intelligens - Når tåka letter

Vi gleder oss over å kunne presentere Elin Hauge som ein av fire foredragsholdarar på Innovasjonsdagen Sogn 2024! Få med deg Hauge sine kunnskaper om integrasjon av AI din organisasjon, suksesshistorier og framtidsspørsmål under foredraget “Kunstig intelligens - Når toka letter”.


Elin Hauge har ein unik evne til å sjå samanhengar mellom forretningsstrategi og teknologi. Ho har ein humoristisk, jordnær og pragmatisk tilnærming til kva som faktisk er mogleg her og no, kva som er ansvarleg å gjere både for verksemda og samfunnet, og kva du som beslutningstakar treng å forstå for å kunne ta dei rette avgjerslene.

Ho er opptatt av å inkludere det menneskelege perspektivet. Ho gir konkrete og velgrunna anbefalingar for korleis oppnå reell forretningsverdi med nye digitale teknologiar, korleis tilpasse seg lovreguleringar, og korleis gjere nye digitale teknologiar til ein integrert del av verksemda. Hennar sterke akademiske bakgrunn frå matematikk og fysikk, kombinert med brei forretningserfaring, dannar eit solid grunnlag for rolla som rådgjevar og strateg innan kunstig intelligens.

Gå ikkje glipp av Elin sine erfaringar og innsikter om AI som både du og din bedrift kan dra nytte av. Meld deg på her!

Solid bakgrunn innen teknologi og AI

Elin Hauge har ein sterk akademisk bakgrunn innan biofysikk, medisinsk teknologi, supplert med pågåande jusstudium. I tillegg har ho over 20 år jobba med forventingsverdi og datadrevne teknologiar. Ho har mellom anna hatt ei rekkje leiar- og rådgjevarroller, både i forsikringsbransjen og i teknologi- og konsulentsektoren. Elin er i dag styreleiar og styremedlem i fleire teknologiselskap. Gjennom arbeidet sitt med leiarar og teknologigründarar har ho utvikla ein sjeldan evne til å binde saman forretningsstrategi med kunstig intelligens. Ho gir nye vinklingar på velkjende problemstillingar og er framoverlent når det gjeld spørsmål om berekraft, ansvar, regulering og omstilling.

Vekst med kunstlig intelligens

I 2020 grunnla Elin Hauge saman med sin forretningspartnar Naveed Syed rådgjevingsselskapet Network Development Hub. Målet med dette selskapet er å hjelpe startups og bedrifter i vekst med å implementere kunstig intelligens for å oppnå raskare og meir berekraftig internasjonal vekst og ekspansjon. Hauge meiner sterkt at det er avgjerande for leiarar å ha ei grunnleggjande forståing av kunstig intelligens, sidan denne teknologien stadig formar verda rundt oss.

MySpeaker Of The Year 2024

Som foredragshaldar er Elin svært etterspurd innan kunstig intelligens. Ho blir omtalt som ei dame med djup kunnskap og imponerande sceneutstråling. Det er ikkje utan grunn at ho vart nominert til MySpeaker Of The Year 2024.

Med ein sterk fagleg bakgrunn og brei erfaring har Elin eit solid grunnlag for å sjå moglegheiter og utfordringar innan AI. Vi gler oss!

Forrige
Forrige

Om gründerskap, kreativitet og annet fanteri

Neste
Neste

Er du klar for høstens mest spennande foredrag?