Takk til våre samarbeidspartnarar!

Innovasjonsdagen Sogn 2024 nærmar seg med stormskritt, og vi ønsker å rette ein stor takk til våre samarbeidspartnarar og sponsorar. Innovasjonsdagen Sogn 2024 er ein viktig arena for inspirasjon, ny kunnskap, nettverk, nyskaping og samarbeid i Sogn. Arrangementet er samlingspunkt for bedrifter og gründerar som ønskjer å liggje i forkant av utviklinga. Samarbeidspartnarane våre er derfor essensielle for å skape ein vellukka dag med aktuelt og lærerikt innhald som vi kan dra nytte av!

Arrangørane Kunnskapsparken Vestland og Sogn Næring er derfor stolte og takksame for alle som er med på å gjere denne dagen mogleg med eit fyrverkeri av eit program! Innhaldsrike foredrag fra AI eksperten Elin Huge om både fordeler og ulemper med kunstig intelligens, korleis det kan integreres og skape vekst for din organsiasjon. I tillegg får vi høyre om den spennande reisa til Moods of Norway gründeren Simen Staalnacke, og korleis organisasjonskultur påvirker innovasjon- og omstillingsevnen til bedrifter fra Tore Hillestad.

 

Hovudsponsor

Sogn og Fjordane Sparebank som hovudsponsor for Innovasjonsdagen Sogn 2024, spelar Sogn og Fjordane Sparebank ei avgjerande rolle i å støtte arrangementet. Sogn og Fjordane Sparebank viser eit stort engasjement for å fremje utvikling og innovasjon i Sogn, og har også vore hovudsponsor tidlegare. Vi takkar igjen så mykje for støtta og samarbeidet!

 

 

Andre bidragsytarar

Vi er også glade for å ha Eigergruppa Campus med på laget! Eigergruppa Campus er ein viktig aktør innan utdanning og næringsutvikling i Sogn, og deira involvering som sponsor er sett stor pris på og bidreg til å skape ei arena for utvikling og samarbeid her i Sogn!

 

HVL Skape gir moglegheit for studentar å delta til ein rabattert pris! Både HVL Skape, Sogn Næring og Kunnskapsparken ønskjer å knytte studentar og næringsliv tettare saman. Innovasjonsdagen Sogn er ein ypperleg arena for å knytte nye nettverk og vise fram kva som finst i Sogn samtidig som studentane får påfyll av kunnskap utenfor det som skjer på studiene!

 
 
 
Neste
Neste

Breaking bad habits – innovasjonskraft og kultur