Breaking bad habits – innovasjonskraft og kultur  

Korleis påverkar kultur innovasjon og omstilling i verksemder? Dette vil Tore Hillestad dykke djupare i under Innovasjonsdagen Sogn 2024 under foredraget “Breaking bad habits - innovasjonskraft og kultur”.

Organisasjonskultur har stor innverknad på verksemder si evne til innovasjon og omstilling, og kan både hemme og fremje endringsinitiativ knytt til til dømes berekraft og digitalisering. Ofte blir organisasjonskulturen og krafta ho representerer undervurdert. For å lykkast, spelar både leiarar og andre nøkkelpersonar avgjerande roller som kulturelle arkitektar.

Foredraget belyser rolla leiarar og andre nøkkelpersonar har som «kulturelle arkitektar», og presenterer perspektiv som kan brukast for å bygge ein strategisk relevant kultur og lykkast med innovasjon.

Tore Hillestad er dr.oecon frå Institutt for strategi og leiing ved NHH. Han er direktør for NHH Executive og programdirektør for fleire av NHH sine executive leiarutviklingsprogram, og tidlegare forskar ved Center for Service Innovation (CSI), NHH. Hans faglege interesseområde er korleis organisasjonskultur påverkar endringsprosessar og innovasjon i organisasjonar, og leiarars roller som kulturelle arkitektar.

I tillegg til å undervise ved NHH og forske på område innan digital strategi, leiing og innovasjon, har Hillestad fleire utgjevingar innan leiing og kultur. I ei verd som endrar seg raskt, krev det at dei fleste organisasjonar må tenkje nytt og annleis. Med sin ekspertise innan innovasjonskultur og sterke bakgrunn frå fagmiljøet, gler vi oss til å høyre meir om korleis leiing kan påverke innovasjonskulturen.

Meld deg på Innovasjonsdagen Sogn 2024 for å få med deg foredraget her!

Forrige
Forrige

Takk til våre samarbeidspartnarar!

Neste
Neste

Om gründerskap, kreativitet og annet fanteri